Samarbeid om forskning og utdanning
Siste dag av Kongeparets statsbesøk til Sør-Afrika omfatta både seminar om forsking og utdanning, omvising på helsestasjonen The Uitzig Clinic og besøk hos dei unge seglarane ved Zeekovlei Yacht Club.
Men dagen starta med ei omvising på Green Point Stadion i følgje med ordføraren i Cape Town, Dan Plato.
Green Point Stadion
I 2004 vart Sør-Afrika som første afrikanske nasjon tildelt verdsmeisterskapen i fotball (2010). Nye Green Point Stadium som no blir bygd, ligg fantastisk til og vil ha ein kapasitet på 68 000 tilskodarar under VM.
Internasjonalt er Green Point Stadium mest kjend som arena for den første såkalla 46664-konserten, som samla nokre av verdas største artistar i 2003. 46664 var fangenummeret til Nelson Mandela på Robben Island og blir i dag brukt av Nelson Mandela Foundation i kampanjen deira for auka medvit om hiv/aids.
Opna to seminar om forsking og utdanning
Seinare opna Dronning Sonja to seminar om forsking og høgare utdanning ved Universitetet i Cape Town. Det er om lag 22 000 studentar her, av dei 4000 utanlandske frå 97 ulike land – inklusive Noreg. Seminaret om høgare utdanning ser på korleis ein kan leggje forholda enda betre til rette for studium i dei respektive landa.
Sidan 1995 har det pågått eit omfattande forskingssamarbeid mellom norske og sørafrikanske universitet, blant anna innan medisin, energi, sosialfag, fysikk og biologi. Forskingsseminaret vil sjå nærare på nye aktuelle område for samarbeid, noko Dronninga understreka i opningstalen sin:
- With the opening of today’s seminars, our two countries are entering a new phase in our academic partnerships, addressing topics such as climate change and environmental hazards, as well as medicine and public health challenges.
Uitzig Clinic
Kongen og Dronninga besøkte deretter helsestasjonen The Uitzig Clinic. Dei fekk ei omvising på klinikken og ei innføring i det viktige arbeidet som blir gjort her. Kong Harald og Dronning Sonja besøkte òg ein familie som soknar til klinikken.
Klinikken er ein av 18 feltstasjonar knytte til The Desmond Tutu TB Centre (DTC) ved Stellenbosch universitet. DTC vart etablert for å kjempe mot utbreiinga av tuberkulose og blir i dag rekna for å vere blant dei fremste i verda innan forsking på tuberkulose, hiv og aids. Universitet i Bergen er eit av fleire utanlandske universitet som har eit forskingssamarbeid med DTC.
MOT gjennom segling
Det siste offisielle besøket på Kongeparets program gjekk til Zeekovlei Yacht Club. Her får unge frå fattige område sjansen til å lære å segle. Nokre av dei deltek i dag i regattaer – også internasjonalt, og enkelte har skaffa seg arbeid innan segling. Nokre kjem òg tilbake og jobbar som frivillige instruktørar for prosjektet, som i dag kvar veke omfattar undervisning til om lag 100 barn mellom 8 og 18 år.
Seglinga er eit MOT-prosjekt. MOT vart opphavleg starta av skøyteløparane Johann Olav Koss og Atle Vårvik, og arbeider for trygge oppvekstmiljø som kan gje ungdom styrke til å stole på eigne krefter. Sør-Afrika var det første landet utanfor Noreg som starta med MOT. Leiaren av MOT i Sør-Afrika, Wanda Møller, presenterte fleire MOT-prosjekt for Kongen og Dronninga.
Aktuelle saker

Pave Frans gravlagt
Pave Frans ble lagt til hvile i Santa Maria Maggiore etter en begravelsesmesse på Petersplassen lørdag. Hundretusener fulgte ham til graven. Kronprinsparet representerte Norge ved seremonien.

Jon Fosse heidra med ny pris og foredrag
Den franske filosofen Jean-Luc Marion heldt det aller første Fosseforedraget, og den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel tok imot den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar under ei høgtideleg og historisk markering på Slottet.