Hopp til hovedinnhold

På One Ocean Week i Bergen

Denne veka er Bergen møteplass for debatt, erfaringsutveksling og opplevingar knytt til ei berekraftig utnytting av havet. Den Høgvørde Kronprinsen deltok på opninga av havveka og møtte unge, sterke stemmer frå alle kontinent.

08.04.2025

– Eg må innrømme – eg elskar havet. Eg elskar å vere på det, og å vere i det. Og her i Bergen var eg i Marinen og lærte korleis ein navigerer på det. Men sjølv om vi elskar havet, veit vi at havet ikkje er i god helse, og vi må få havet tilbake i balanse, sa Kronprins Haakon ved opninga av toppmøtet One Ocean Summit i Håkonshallen i går.

Kronprins Haakon taler under One Ocean Summit i Håkonshallen. Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB

Kronprinsen fortalde at han var forsiktig optimist på vegne av havet og peika på tre område der vi ser ei positiv utvikling – ei aukande forståing for at havforvaltning treng ei heilskapleg tilnærming, at fleire og fleire land forpliktar seg til ei berekraftig utnytting av havet – samt ny teknologi.

I talen trakk han fram stader som han har besøkt, der klimaendringane syner tydeleg, blant anna på Svalbard, Grønland og stillehavsstatane Samoa, Fiji og Tonga.

Les heile talen her

Møtte unge stemmer

Blant innleiarane og debattdeltakarane i Håkonshallen måndag morgon var klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, FNs generalsekretærs spesialutsending for hav, Peter Thomson, samt representantar for One Ocean Youth Panel.

One Ocean Youth Panel er ei gruppe unge menneske i alderen 18 til 28 år som utfordrar avgjerdstakarar og mobiliserer til handling på kritiske havrelaterte spørsmål.

– Vi treng deira stemmer, deira kunnskap og idear. Takk for at de er her, sa Kronprinsen i talen og retta seg mot dei unge leiarane.

Medlemane i One Ocean Youth Panel utfordrar status quo. Her frå lunsjsamtalen med Kronprinsen. Foto: Paul Sigve Amundsen / NTB

Kronprins Haakon møtte One Ocean Youth Panel til lunsj og samtalar i kapteinens salong om bord på seglskipet Statsraad Lehmkuhl. Medlemmene i One Ocean Youth Panel kjem frå alle kontinent og er ei mangfaldig gruppe av forskarar, aktivistar, studentar og unge leiarar frå kystområde.

Kronprinsen er ambassadør for den neste store ekspedisjonen til Statsraad Lehmkuhl, One Ocean Expedition 2025-2026. Etter lunsj møtte han kaptein Marcus Seidel og dagleg leiar Håkon Vatle for ein samtale om ekspedisjonen der dei mellom anna førebur seg på å seile gjennom Nordvestpassasjen.

Kaptein Marcus Seidel og dagleg leiar Håkon Vatle fortel om den neste store ekspedisjonen til Statsraad Lehmkuhl – der dei førebur eit besøk til Nice under FNs havkonferanse i juni og å segle gjennom Nordvestpassasjen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Programmet i Bergen vart avslutta med eit besøk til «Dei unges havdag» på Festningskaien. Langs heile kaia var det utstillingar og demonstrasjonar tilrettelagt for elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular. Her møtte elevane ei rekkje menneske som på ulike måtar jobbar på, av og for havet.

Elevar frå Sotra vidaregåande skule viser fram sine kokkekunnskapar under Dei unges havdag. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

FNs tredje havkonferanse i Nice

2025 er eit viktig år for havspørsmål med FNs havkonferanse som Frankrike og Costa Rica inviterer til i Nice i juni.

Det overordna temaet for konferansen er «Akselererande tiltak og mobilisering av alle aktørar for å bevare og bruke havet på ein berekraftig måte».

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook