Hopp til hovedinnhold

Lunsj for Latvias president

Latvias president, Hans Eksellense Edgars Rinkēvičs, er på offisielt besøk i Noreg. Den Høgvørde Kronprinsregenten tok i dag imot presidenten i audiens etterfølgt av lunsj på Det kongelege slottet.

28.03.2025

Støtte til Ukraina, europeisk tryggleik og samarbeid innan forsvarsindustri er viktige tema under besøket i Noreg.

Latvia er ein nær partnar for Noreg, og banda er blitt vesentleg styrkte dei siste åra. I tillegg til det gode bilaterale forholdet samarbeider landa òg tett i den nordisk-baltiske kretsen NB8 og som allierte i Nato.

Kronprins Haakon tok imot president Edgars Rinkēvičs i audiens. Foto: Ola Vatn, Det kongelege hoffet

Etter lunsjen drog presidenten vidare til eit møte med statsminister Jonas Gahr Støre. Under besøket vil president Rinkēvičs òg møte stortingspresident Masud Gharahkhani og medlemmer av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook