Hopp til hovedinnhold

Fosseprisen

Fosseprisen

Fosseprisen for omsetjarar skal hylle ein person som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk. Fosseprisen for omsetjarar skal bidra til å heidre omsetjarkunsten og understreke den viktige rolla omsetjarane har når det gjeld å ta med norsk litteratur ut i verda.

Fosseprisen blir ein av dei største omsetjarprisane i verda, med ein verdi på 500 000 norske kroner. Den blir overrekt for første gong den 24. april 2025.

Kjelde: nb.no

Tegning av hunden Ronja

Føredrag og pris heidrar Jon Fosse

Regjeringa har oppretta det årlege Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar som ei heidring av Nobelpris-vinnaren Jon Fosse. Arrangementet er i regi av Nasjonalbiblioteket.

27.11.2024

Vinnaren av den første Fosseprisen og kven som skal halde det første Fosseføredraget, vart offentleggjorde av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre denne veka.

24. april 2025 vil franske Jean-Luc Marion halde det første Fosseforedraget på Det kongelege slott. Marion er særleg oppteken av tema som kjærleik, gåva og Gud som fenomen, og set skjønnlitteraturen høgt. 

Marion vil snakke om litteraturen frå sitt perspektiv i Fosseforedraget. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket

Den første mottakaren av Fosseprisen for omsetjarar er den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel. Han har omsett ei rekkje norske forfattarar, mellom anna Kjell Askildsen, Jon Fosse, Henrik Ibsen, Cecilie Løveid, Tarjei Vesaas og Ruth Lillegraven til tysk. Ikkje minst har hans omsetjing av Vesaas gjeve forfattaren ein renessanse i Tyskland. Schmidt-Henkel vi motta prisen under arrangementet på Slottet i april 2025.

Schmidt-Henkel sin omsetjing av Vesaas har gjeve forfattaren ein renessanse i Tyskland. Foto: Nasjonalbiblioteket


Hennar Høgvyrde Kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg beskyttar for både foredraget og prisen.

Kjelde: nb.no

Fakta

Fosseprisen

Fosseprisen for omsetjarar skal hylle ein person som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk. Fosseprisen for omsetjarar skal bidra til å heidre omsetjarkunsten og understreke den viktige rolla omsetjarane har når det gjeld å ta med norsk litteratur ut i verda.

Fosseprisen blir ein av dei største omsetjarprisane i verda, med ein verdi på 500 000 norske kroner. Den blir overrekt for første gong den 24. april 2025.

Kjelde: nb.no

Gjengitt med tillatelse fra Nasjonalbiblioteket
Fakta

Fosseforedraget

Fosseforedraget skal framheve originale perspektiv på litteraturen og stimulere den offentlege litteratursamtalen både i Noreg og ute i verda.

Foredragshaldaren er ikkje beden om å snakke om Fosse og treng ikkje kjenne til forfattarskapen til Fosse eller referere til Fosse under foredraget. Det er samtalen og tenkinga om litteraturen i seg sjølv som skal løftast, i tråd med ånda og verksemda til Jon Fosse.

Foredraget skal vere originalt og skrive for høvet. 

Fosseføredraget skal vere eit årleg arrangement og vil bli halde for første gong den 24. april 2025.

Kjelde: nb.no

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook