Hopp til hovedinnhold

Delte ut kongepokalen

Hans Majestet Kongen gratulerte Vålerenga som noregsmeistrar i fotball for kvinner. Finalen blei spelt mellom Vålerenga og Rosenborg.

25.11.2024

VIF-stopparen Sara Hørte scora kampens einaste mål i det 62. minuttet. Dermed fekk Vålerenga revansje frå fjorårets cupfinaletap mot Rosenborg. Oslo-klubben vann også serien i år.

Kong Harald delte ut pokal til keeper i Vålerenga, Tove Evelina Enblom, etter sigeren på Ullevaal Stadion. Foto: Terje Bendiksby / NTB 

Selma Sól Magnúsdóttir i Rosenborg i duell med Ylinn Tennebø i Vålerenga under NM-finalen i fotball. Tennebø vart kåra til den beste spelaren på bana etter kampen. Foto: Annika Byrde / NTB

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook