Kirkelig Kulturverksted i 50 år
Kirkelig Kulturverksted har blitt kalla Noregs viktigaste uavhengige plateselskap, og dei markerer sitt 50-årsjubileum i år. Den Høgvørde Kronprinsessa var til stades under jubileumskonserten i Kulturkirken Jakob i går kveld.
På scena stod artistar som har hatt tilknyting til Kirkelig Kulturverksted (KKV). Av songarar og musikarar som kryssa sine spor, var Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes, Karoline Krüger, Ketil Bjørnstad, Iver Kleive, Knut Reiersrud og Sidiki Camara. Kvelden vart leia av Sarah Camilla, ei av dei nyaste stemmene til KKV, som hadde eit poetisk blikk på historia.
Kjende og kjære musikarar og songarar på scena i Kulturkirken Jakob under jubileumskonserten. Foto: Bendik Bruun Edvardsen
Kronprinsessa blir ønskt velkomen av ordførar Anne Lindboe og KKVs daglege leiar Hans Olav Baden. Foto: Bendik Bruun Edvardsen
Kirkelig Kulturverksted vart starta i 1974 av Erik Hillestad, som dreiv KKV fram til Hans Olav Baden tok over tidlegare i år.
– Lykke til! Eg er spent på det som skal kome, sa Bjørn Eidsvåg, som framførte sine kjende songar «Eg ser» og «Kyrie» i ei fullsett kulturkyrkje.
I 2000 flytta Kirkelig Kulturverksted inn i Kulturkirken Jakob. Her frå jubileumskonserten. Foto: Bendik Bruun Edvardsen
I 2008 lanserte Kirkelig Kulturverksted salmesamlinga "Sorgen og gleden", der Kronprinsesse Mette-Marit valde salmar og artistar. Ho var òg medprodusent saman med Erik Hillestad.
Her er eit lite tilbakeblikk frå arbeidet med "Gud signe vårt dyre fedreland", der Sondre Bratland bidrog med si stemningsfulle tolking av salmen. Video: K. Kollandsrud (foto) og E. Edenholm (klipp) / Dinamo Story
Aktuelle saker
Marint mangfold på Jamaicas nordkyst
I Oracabessa bay på Jamaica fikk Kronprinsen et innblikk i hvordan et UNDP-støttet program for bevaring av det biologiske mangfoldet og vern av naturområder er med på å styrke levekårene for lokalsamfunnet.
Kronprinsen besøker Jamaica
Bærekraftige løsninger for hav, klima og fattigdom er tema når Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon denne uken besøker Jamaica med UNDP. Kronprinsen er goodwill-ambassadør for UNDP.