Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen besøkte Paraidrettssenteret

I Trondheim blir det for første gong arrangert ski-VM med paraøving inkludert i konkurranseprogrammet. I dag besøkte Den Høgvørde Kronprins Haakon Paraidrettssenteret i Trøndelag.

05.11.2024

Noregs første paraidrettssenter opna dørene i 2022 og ligg på Ranheim i Trondheim.

Utanfor Paraidrettssenteret på Ranheim venta ni år gamle Jacob Giske med vaffeljern og idrettsdrakter til Kronprins Haakon. I tre år har Jacob spelt el-innebandy for Nyborg Idrettslag, og i dag fekk Kronprinsregenten òg prøve idretten. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Kronprinsregenten fekk ei orientering og omvising på senteret, samt ein demonstrasjon av mykje av utstyret som senteret disponerer. Han møtte òg fleire av utøvarane som nyttar anlegget, og blei sjølv utfordra til å prøve el-innebandy, rullestolhandball, rullestolcurling, turn og fotball.

Kronprins Haakon prøver rullestolhandball på Paraidrettssenteret. Foto: Jan Langhaug / NTB

Etter besøket på paraidrettssenteret deltok Kronprins Haakon i møte i hovudkomiteen for ski-VM i Trondheim.

Verdsmeisterskapen på ski, nordiske greiner, blir arrangert på Granåsen i Trondheim frå 26. februar til 9. mars 2025.

Den 5. mars blir det tevla både i klassisk «Team Sprint» og «Para Sprint» for kvinner og menn på langrennsstadion. På kvelden skal det delast ut heile 18 para-medaljar på Medal Plaza i Trondheim sentrum – i para-sprint for ståande, sitjande og synshemma.

Kronprins Haakon og skipresident Tove Moe Dyrhaug på veg inn til møte i hovudkomiteen for ski-VM i Trondheim. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook