I arbeid for EM i Surfing
I 2017 og 2018 er EM i surfing lagt til Noreg. H.K.H. Kronprinsen har takka ja til å sitje i hovudkomiteen. Første møte gjekk av stabelen i dag.
Surfesporten er i medvind om dagen. I 2020 vil surfing for første gong vere eiga grein under dei olympiske leikane i Tokyo. Lenge før den tid skal det arrangerast EM i Noreg, nærare bestemt på Borestranda i Klepp kommune. EM for seniorar blir arrangert i 2017 og for juniorer i 2018. Kronprins Haakon takka nyleg ja til å sitje i Norges Seilforbunds surfekomité og i hovudkomiteen for EM.
Mange idear og mykje arbeid
I dag fekk Kronprinsen og resten av komiteen sjansen til å møtast samla for første gong. Det er mykje arbeid som står att før startskotet går, og middagen vart ein arbeidsmiddag der idear og erfaringar vart delte over bordet.
Det er venta at meir enn 15 land vil delta med 12 deltakarar kvar. I tillegg kjem støtteapparatet, publikum og medium frå ei rekkje land. Ein ting komiteen må jobbe med framover, er rekruttering av frivillige til arrangementet. Her har Kronprinsen erfaring frå førebuingane til ski-VM i Oslo i 2011 og Ungdoms-OL på Lillehammer i fjor. Under møtet i dag vart nokre av dei første planane lagde.
Opninga av EM i surfing skjer 30. september 2017, med konkurransar frå 1. til 8. oktober.
Ny komité – lange tradisjonar
Surfing vart teken opp som eiga grein i Norges Seilforbund i 2013. Komiteen har som formål å organisere surfing som idrett i Noreg. Arbeidet med landslag og breidde har ifølgje forbundet fått eit løft etter at surfing vart teken opp som ny idrett i dei olympiske leikane i samband med OL i Tokyo i 2020.
Da Kronprins Haakon nyleg takka ja til å sitje i komiteen, uttalte Norges Seilforbund seg slik:
– Norges Seilforbund har vorte eit fleiridrettsforbund med surfing som ny idrett i tillegg til segling. Vi ser fram til å få dei med i vårt forbund, og det vil styrkje arbeidet med å gje folk glede av å vere på sjøen. Å få Kronprinsen med i integreringsarbeidet er særdeles nyttig og ikkje minst svært inspirerande. Han følgjer jo på denne måten opp familiens sterke interesse for idrett på sjøen, seier Tor Møinichen, president i NSF.
Aktuelle saker

Pave Frans gravlagt
Pave Frans ble lagt til hvile i Santa Maria Maggiore etter en begravelsesmesse på Petersplassen lørdag. Hundretusener fulgte ham til graven. Kronprinsparet representerte Norge ved seremonien.

Jon Fosse heidra med ny pris og foredrag
Den franske filosofen Jean-Luc Marion heldt det aller første Fosseforedraget, og den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel tok imot den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar under ei høgtideleg og historisk markering på Slottet.