Kronprinsparet på VIBROdebatt
Korleis unngå utanforskap i sosiale medium? Det var temaet for dagens VIBROdebatt. På plass var DD.HH.KK. Kronprinsen og Kronprinsessa.
I kveld var det i tillegg lansering av det nye VIBRO-magasinet, der Kronprins Haakon er intervjua om kveldens tema – utanforskap. Kronprinsparets Fond ønskjer å bidra til at unge menneske som risikerer å falle utanfor, blir fanga opp. Fondet samarbeider med fleire ulike prosjekt, blant dei Vibro, som arrangerte kveldens debatt. For utanforskap førekjem òg i sosiale medium.
Intervjua ungdommane om utanforskap
I VIBRO-magasinet, som òg vart lansert i kveld, har Kronprinsen late seg intervjue av ungdommar frå VIBRO. Det blir skrive mykje om ungdom, men det meste er skrive av vaksne. Derfor har ungdommane teke initiativ til å lage eit magasin av, med og for unge. I magasinet er det òg ungdom som vel tema ut frå kva dei synest er viktig. På den måten er ungdommane sjølve med å setje dagsorden.
I magasinet svarer Kronprinsen på ei rekkje spørsmål om utanforskap. På scenen i kveld var Kronprinsens oppgåve å sparke i gang kveldens debatt. Det gjorde han ved å stille ungdommane frå VIBRO spørsmål om utanforskap. Blant anna spurde Kronprinsen korleis ungdommen sjølv definerte utanforskap, og korleis ein best kan kjempe mot dette samfunnsproblemet.
Gratismagasinet VIBRO Magasin blir distribuert gjennom Narvesen i Oslo, Bergen og Trondheim – og på vibro.no, der magasinet vil leve vidare som eit aktivt debattforum for unge.
Aktuelle saker

Pave Frans gravlagt
Pave Frans ble lagt til hvile i Santa Maria Maggiore etter en begravelsesmesse på Petersplassen lørdag. Hundretusener fulgte ham til graven. Kronprinsparet representerte Norge ved seremonien.

Jon Fosse heidra med ny pris og foredrag
Den franske filosofen Jean-Luc Marion heldt det aller første Fosseforedraget, og den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel tok imot den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar under ei høgtideleg og historisk markering på Slottet.