Dronninga opna Kunsthall Svalbard
Hennar Majestet Dronninga kunne opne Kunsthall Svalbard i kveld. Det er Nordnorsk Kunstmuseum som har opna filial i Longyearbyen og dermed verdas nordlegaste kunsthall.
Den første kunstnaren som blir vist i kunsthallen, er den amerikanske kunstnaren Joan Jonas og hennar arktisinspirerte videoverk Glacier. Ho har late seg inspirere av det arktiske landskapet og av boka Under breen av den islandske forfattaren Halldor Laxness. Delar av Glacier er spelte inn i Lofoten, og verket er no skaffa til Kunsthall Svalbard.
New York-kvinna er rekna som ein av pionerane innan videokunst og performance, og ho er også USAs deltakar på Venezia-biennalen i år.
– Samtidskunst på høgt nivå
Dronninga kom til Svalbard Museum og Kunsthall Svalbard fredag kveld og vart motteken av Tove Veierød og Knut Ljøgodt ved Nordnorsk Kunstmuseum og Tora Hultgreen. Hultgreen er direktør for Svalbard Museum, der Kunsthallen har fått lokala sine. Ljøgodt forklarer etableringa på Svalbard på museets eigne heimesider slik:
– Mandatet vårt er å dekkje heile den nordlege landsdelen. Samtidig ønskjer vi ein visingsstad dedikert til samtidskunst på eit høgt internasjonalt nivå. Da fall valet på Svalbard, som for tida har verdas auge retta mot seg, heilt naturleg.
Opningsseremoni
Styreleiar Veierød heldt velkomsttale, før Nordnorsk Symfoniorkester ved Chandra Varona, Tørris Koløen Bakke og Håvard Bilsbak bidrog med vakre melodiar og store klangar i den nordlegaste kunsthallen i verda.
Det vart spelt frå Stryketrio i B-dur av Franz Schubert, etterfølgd av den koralaktige 4. satsen frå Serenade for strykartrio, skriven av den ungarske komponisten Ernő Dohnányi.
Direktør Ljøgodt følgde opp med ei innføring i det nye bygget og kva det skal innebere, før kulturminister Widvey heldt opningstalen. Dronning Sonja kunne deretter erklære Kunsthall Svalbard og utstillinga Glacier for opna.
Residensprogram
Ved sida av utstillingane vil museet starte eit residensprogram støtta av kulturnæringsstiftinga til SpareBank 1 Nord-Norge. Programmet skal gje kunstnarar ein sjanse til å bu og arbeide på Svalbard over ein periode. Tanken er at gjestekunstnarane skal kunne inspirerast av det stadeigne, og at opphaldet skal resultere i eit nytt utstillingsprosjekt eller verk.
Aktuelle saker
Julebesøk til bo- og omsorgssenter
Deres Kongelige Høyheter Kronprinsparet møtte beboere og ansatte under et julebesøk til Risenga bo- og omsorgssenter i Asker.
Julekonsert med Det Norske Jentekor
Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen var til stede under den høytidsstemte desemberkvelden i Oslo domkirke i går.