Hopp til hovedinnhold

Brudekjolen 2001

Kronprinsesse Mette-Marits brurekjole

Brurekjolen har korsettliv og er laga av tjukk silkecrêpe og mjukt silketyll, spesialfarga i ecru. Stoffet i livet er drapert, men det ytste laget er strekt, slik at overflata blir tilnærma glatt. Skjørtet er utskrådd med eit to meter langt slep, inspirert av kjolar frå dronning Maud. Totalt er kjolen drapert med 125 meter silketyll. Underdelen av kjolen er bygd opp av silkegeorgette, organza og gazar, eit litt stivt, men smidig stoff. Eit stort underskjørt av tyll skaper ytterlegare volum.

Kjolen og slepet er sydde i eitt stykke. Eit seks meter langt slør var festa i håret til Kronprinsessa.

Brurebuketten vart boren som ei muffe rundt handleddet. Han er sett saman av marmorlanterne, wandaorkidé, hortensia, roser i sjatteringar av rosa og lilla, bjørnegras, perler og trådar av metall.

Diademet Kronprinsessa bar, er frå 1910, ei gåve frå Kong Harald og Dronning Sonja.

Tegning av hunden Ronja

Kongeleg bryllaup 2001

Den Høgvørde Kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby gifta seg i Oslo Domkyrkje den 25. august 2001.

Biskop Gunnar Stålsett forretta ved vigselen og tala om kjærleiken med utgangspunkt i 1. korintarbrev:

”Så blir de stående disse tre - tro, håp og kjærlighet - og størst blant dem er kjærligheten”.

- I dag er dei dykkar, desse vakre orda frå Bibelen. Dei gjev retning for det livet de skal leve saman, eit liv boren av tru, von og kjærleik, sa biskopen.

Vigselen fann stad i Oslo domkyrkje. Foto: Tor Richardsen, Scanpix

Marius Borg Høiby var brudegutt, og Betina og Emilie Swanstrøm, Kamilla og Anniken Bjørnøy og Tuva Høiby var brudepiker.

Musikk under vigselen

Følgende vart framført under vigselen:

  • Brudemarsj. Komponist: Nils Henrik Aasheim
  • Versikkel for kor og orgel komponert av Trond Kverno
  • Mitt hjerte alltid vanker, framført av Mari Boine
  • Herre over alle slekter. Tekst: Roald Fangen. Melodi: Terje Kvam
  • Utmars: Gamal bruremarsj fra Nord-gudbrandsdal. Framført og arrangert for saksofon av Jan Garbarek, arrangement for orgel ved Kåre Nordstoga.

I open bil tilbake til Slottet etter vigselen. Foto: Cornelius Poppe, Scanpix

Tusenvis hadde samla seg på Slottsplassen for å helse dei nygifte. Foto: Cornelius Poppe, NTB

Festmiddagen

Til festmiddagen på Slottet var representantar frå europeiske kongehus til stades, i tillegg til det offisielle Noreg, organisasjonar, familie og venner. Parallelt var det festmiddag i Oslo Militære Samfund.

Kronprinsparet dansar brurevals til "Around the World" av Victor Young. Foto: Cornelius Poppe, Scanpix

Sjå fotoalbum med fleire bilete frå bryllaupet

07.08.2024

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit gifter seg i Oslo Domkirke, 25. august 2001 (Foto: NRK arkiv)