Kongeleg bryllaup 2001
Den Høgvørde Kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby gifta seg i Oslo Domkyrkje den 25. august 2001.
Biskop Gunnar Stålsett forretta ved vigselen og tala om kjærleiken med utgangspunkt i 1. korintarbrev:
”Så blir de stående disse tre - tro, håp og kjærlighet - og størst blant dem er kjærligheten”.
- I dag er dei dykkar, desse vakre orda frå Bibelen. Dei gjev retning for det livet de skal leve saman, eit liv boren av tru, von og kjærleik, sa biskopen.
Vigselen fann stad i Oslo domkyrkje. Foto: Tor Richardsen, Scanpix
Marius Borg Høiby var brudegutt, og Betina og Emilie Swanstrøm, Kamilla og Anniken Bjørnøy og Tuva Høiby var brudepiker.
Musikk under vigselen
Følgende vart framført under vigselen:
- Brudemarsj. Komponist: Nils Henrik Aasheim
- Versikkel for kor og orgel komponert av Trond Kverno
- Mitt hjerte alltid vanker, framført av Mari Boine
- Herre over alle slekter. Tekst: Roald Fangen. Melodi: Terje Kvam
- Utmars: Gamal bruremarsj fra Nord-gudbrandsdal. Framført og arrangert for saksofon av Jan Garbarek, arrangement for orgel ved Kåre Nordstoga.
I open bil tilbake til Slottet etter vigselen. Foto: Cornelius Poppe, Scanpix
Tusenvis hadde samla seg på Slottsplassen for å helse dei nygifte. Foto: Cornelius Poppe, NTB
Festmiddagen
Til festmiddagen på Slottet var representantar frå europeiske kongehus til stades, i tillegg til det offisielle Noreg, organisasjonar, familie og venner. Parallelt var det festmiddag i Oslo Militære Samfund.
Kronprinsparet dansar brurevals til "Around the World" av Victor Young. Foto: Cornelius Poppe, Scanpix