Hopp til hovedinnhold

Norges regalier: Utforming

Regalienes utforming

Kongekrona

Kongekrona er ei bøylekrone. Åtte gullbøylar går frå kronringen og blir samla i midten under ein globe i blå emalje med gullstjerner og band av perler. Øvst ein kross av seks ametystar. Fire av bøylane er flate og forma som eikeblad. Dei andre fire er gjennombrotne og forma som laurbærblad.

Midt på framsida er det ein stor, grøn turmalin, som skal ha vore ei gåve til kongen frå den brasilianske konsulen i Stockholm. Den purpurraude fløyelspullen er dekorert med små kroner og 50 perler.

Krona er laga av 20 karat gull, perler og ulike edelsteinar: ametyst, granat, opal, peridot, krysopras, topas, turmalin, safir og smaragd.

Høgd: 24,5 cm
Diameter: 18,5 cm
Vekt: 1,5 kilo

Dronningkrona

Dronningkrona er òg ein bøylekrone. Bøylen samlast øvst under eit rikseple med blå emalje, perlebånd og eit kors av perler. I kroneringens øvste kant ligg det òg eit perlebånd, dette med 153 perler. Hovudsteinen i kroneringa er ein stor ametyst.

Den purpurrøde fløyelspullen er pynta med stiliserte flammar, brodert med 1578 svært små perler.

Krona er laga av sølv med ein kraftig forgylling og fatningar i gull. Ho er dekorert med ametystar, citrinar, krysoprasar, topasar og eit stort tal perler.

Høgd: 17 cm
Diameter: 14 cm
Vekt: 534 gram 

Arvefyrstekrona

Krona er open og består av åtte takkar smykka med edelsteinar og perler. Alle takkane har ein stor norsk perle ytterst. Gullarbeidet på kroneringa, takkane og ornamenta mellom takkane består av blomar og bladverk av pressa gull. Midtsteinen er ein fasettslepen ametyst.

Pullen er i purpurfarga fløyel med broderingar i forgylt sølvtråd.

Krona er laga av fleirfarga gull, og prydt med perler, edelsteinar og slepet glas. Perlane er norske ferskvannsperler. Edelsteinane er ametystar, peridotar og citrinar.

Høgd: 15 cm
Diameter: 18 cm
Vekt: 1030 gram

Riksepla

Kongens rikseple er laga av forgylt sølv. Globen er delt i to av eit rosedekorert bånd i gull. Øvste halvdelen er delt av eit tilsvarande bånd. På toppen står eit rikseple i miniatyr med eit siselert latinsk kors.

Høgd: 14 cm
Diameter: 10 cm
Vekt: 384 gram

Dronningas rikseple er litt høgare enn rikseplet til kongen. Eit band – dekorert med ametystar – deler eplet i to, og eit tilsvarande band deler den øvre halvdelen i to. Eit miniatyreple i blå emalje står på toppen. Det blir delt av eit band med 30 små perler, og krossen øvst blir danna av åtte små perler.

Høgd: 16 cm
Diameter: 10 cm
Vekt: 436 gram

Tradisjonen med å dele globen i ei nedre halvdel og to øvre fjerdedelar symboliserer verdsdelane ein kjente til i antikken: Europa, Afrika og Asia.

Salvingshornet

Salvingshornet er av forgylt sølv. Det er i empirestil med enkel formgjeving og raffinert, sparsom dekor. Lokket har handtak forma som ei eikenøtt, mens ei lita kongekrone prydar spissen.

Høgd: 12,5 cm
Vekt: 164 gram

Septerne

Kongens septer er laga av forgylt sølv og dekorert med små roser som på rikseplet. Ornamentikken i toppstykket består av gjennombrote lauvverk, med eit rikseple i miniatyr heilt øvst.

Lengd : 75 cm
Vekt: 700 gram

Dronningas septer er laga av forgylt sølv. Det er meir dekorert enn kongens, med små ametystar og ein safir innfelt i handtaket. Toppstykket består av fire blad som omsluttar ei kjerne prydt med ametystar. Ytterlegare åtte ametystar heng ned frå toppstykket.

Lengde: 70 cm
Vekt: 574 gram

Rikssverdet

Klingen er av stål, gravert med symbol på unionen mellom Noreg og Sverige, det norske riksvåpenet og svenske "Tre Kronor".

Grepet er laga av forgylt bronse med innfelt perlemor, og toppen er forma som ei eikenøtt.

Balgen er dekorert med siselert eikelauv og perlemor.

Lengde: 110 cm
Vekt: 1300 gram

Tegning av hunden Ronja

Norges regalier

Regaliane er symbol på Kongens makt og verdigheit og på monarkiet som statsform. Dei norske riksregaliane omfattar kongekrona, dronningkrona og arvefyrstekrona, Kongen og Dronningens rikseple og septer, salvingshornet og rikssverdet - i tillegg til to kroningskapper og riksbanner.

Ordet "regalie" stammar frå det latinske ”Rex”, og betyr "det som er ein konge verdig". Historisk sett var regaliane sin viktigaste funksjon knytt til kroningane, der Kongen vart høgtidleg viet til si gjerning.

I 1908 fjerna Stortinget kroningsparagrafen i Grunnlova. Kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i 1906 er difor Noregs siste kroning. Då Kong Olav etterfølgde sin far på trona i 1957, vart hendinga markert med ein høgtidleg signingsseremoni i Nidarosdomen, og slik var det òg då Deres Majesteter Kong Harald og Dronning Sonja vart signa i 1991. Under desse seremoniane stod Kongen og Dronningens krone framme ved høyalteret - men vart ikkje plasserte på kongeparets hovud.

Noregs kongekrone. Foto: Gorm Kallestad / NTB.

I det daglege er dei norske regaliane utstilt i Erkebispegarden i Trondheim.

Middelalderens kroningar

Magnus Erlingsson var den fyrste norske kongen som vart krona. Det skjedde i 1163. Men dei opphavlege norske regaliane er tapt. Det vert sagt at Olav Engelbrektson, Noregs siste erkebiskop, tok med seg kongekrona og rikssverdet då han drog i landflyktighet etter reformasjonen i 1537. Han døydde kort tid etter, og regaliane sitt skjebne er ukjent.

Nye norske kronjuveler

Under unionen med Danmark vart det halde felles kroningar i Danmark for begge rika, så etter sjølvstenda i 1814 fanst det inga eiga norske regaliar. Då Kong Carl Johan skulle kronast i 1818, løyste Kongen problemet: Han bekostade kongekrona og anna utstyr sjølv.

Kongekrona

Ordet ”krone” stammar frå det latinske ordet for krans - corona. Krona har vore nytta som symbol på makt og verdigheit i fleire tusen år og kom til Europa frå Orienten.

Den norske kongekrona vart laga av den svenske gullsmeden Olof Wihlborg. Ho vart bestilt og betalt av Kong Carl Johan til kroninga hans i 1818. Fire kongar er krona med denne krona, og ho har vore ein del av seremonien ved enda to signingar. Når ein monark er død, blir krona plassert på kista.

Dronningkrona

Dronningkrona vart laga av Erik Lundberg og Marc Giron i Stockholm til den planlagde kroninga av Dronning Desirée i 1830. Desirée var Kong Carl Johans dronning, men vart ikkje krona saman med han i 1818. Kroninga fann aldri stad, og dronningkrona vart brukt første gong i 1860 ved kroninga av Dronning Louise.

Noregs dronningkrone. Foto: Gorm Kallestad, NTB

Arvefyrstekrona

Arvefyrstekrona - tronarvingens krone - vart laga i Christiania (Oslo) i 1846 og er den einaste av regaliane som er laga i Noreg. Den var tiltenkt Kronprins Carl i samband med den planlagde kroninga av hans foreldre, Kong Oscar I og Dronning Josefine. Under kroninga av Kong Carl Johan, hadde ein lånt den svenske arvefyrstekrona til kronprinsen. No skulle Noreg få sin eigen arvefyrstekrone.

Noregs arvefyrstekrone er laga av fleirfarga gull. Den er prydt med norske ferskvannsperler, ametystar, peridotar, citrinar og slepet glas. Foto: Gorm Kallestad, NTB

Krona vart laga av gullsmed Herman Colbjørnsen Øyset, men teikna av Johannes Flintoe, som òg stod for delar av utsmykkinga av Det kongelige slott.

Den norske kroninga av Kong Oscar I og Dronning Josefine fann. Arvefyrstekrona har difor aldri blitt brukt.

Rikseple og septre

Rikseplet er eit gammalt symbol på fyrstens makt og symboliserer jordkloden "halden i herskaren si hule hand". Globen som herskertegn går tilbake til hellenistisk tid. Dei romerske keisarane nytta den som symbol på sitt verdsherredømme, gjerne med sigergudinna Victoria plassert på toppen. Frå 400-talet vart gudinna erstatta med eit kors som symbol på Kristi overherredømme.

Eit septer er ein utsmykka stav og eit gammalt symbol på den verdslege makta til kongen.

Den norske kongens rikseple og septer vart laga av Adolf Zethelius i Stockholm i 1818 og er blant regaliene bekosta av Kong Carl Johan til hans egen kroning.

Rikseplet og septeret til Dronninga vart laga til den planlagde kroninga av Dronning Desirée i 1830. Etter tradisjonen frå kontinentet var rikseplet berre herskaren sitt maktsymbol. I 1568 innførte den svenske Kong Erik XIV rikseple óg for Dronninga, og denne tradisjonen vart òg følgd i Noreg.

Rikseplet og septeret til Dronninga er av forgylt sølv og laga av Erik Lundberg i Stockholm.

Noregs regalier. Foto: Aftenposten

Rikssverdet

Rikssverdet er eit gammalt symbol for krigsmakt og rettferd.

Det norske rikssverdet var opprinneleg Kong Carl Johans eige sverd. Carl Johan var eigentleg fransk og heitte Jean Baptiste Bernadotte. Han gjorde militær karriere under Napoleon Bonaparte, og Keisaren skal ha gjeve han sverdet då han utnemnte Bernadotte til fransk marskalk. Seinare vart Bernadotte valt til svensk kronprins under namnet Carl Johan, og skal ha bere sverdet under slaget ved Leipzig i 1813 då han kjempa mot sin tidlegare keisar.

Både klingen, grepet og balgen (sverdskjeden) vart bearbeidd med tanke på den nye rolla som rikssverd. Klingen vart gravert med symbol på unionen mellom Noreg og Sverige, det norske riksvåpenet og svenske "Tre Kronor".

Salvingshornet

Tradisjonen med salving av Kongen stammar frå Midtausten og har opphav i Det gamle testamentet. Seremonien symboliserte at kongen var Guds utvalde representant.

Historisk vart den som skulle kronast, smurd med innvigd olje i tinning, panne, bryst og handledd. Denne seremonien vart sedd på som den viktigaste ved ei kroning, fordi monarken da fekk kraft frå Den Heilage Ande til å bere byrdene som konge.

Det norske salvingshornet er laga av Adolf Zethelius i Stockholm i 1818. Det vart nytta siste gong ved kroninga av Kong Haakon VII og Dronning Maud i 1906.

25.02.2025

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook